Eit tilbod for ungdom mellom 13 og 19 år.

Kva?

  • transport til/frå Leikanger/Sogndal/andre kommunar og i Leikanger.
  • det må minst vere 3 personar for å nytte tilbodet generellt og minst 10 personar for å nytte tilbodet til Lustrabadet.
  • tilbodet krev eigendel hjå brukaren. Eigendelen er eigen transport eine vegen, dvs. at ungdomane syter for eigen transport den eine vegen til/frå Leikanger.

Bruk av tilbodet:

  •  transporttilbodet skal ikkje nyttast "side om side" med vanleg buss. Det vert forventa at buss vert nytta når det passar med buss til aktuell aktivitet. Og det får våge seg at ein kanskje må vente 1 time i Sogndal.
  • Vi oppfordrar ungdomane og foreldre om å verte einige om transport heimatt før kl 24.00.

Kva tilbodet dekkar?

  • kino/kulturarrangement i kulturhuset i Sogndal
  • arrangement knytt til Ungdomsbasen i Sogndal (spinning, symjing, open hall, klatring, teatersport).            
  • alle opne ungdomsarrangement i Sogndal/andre kommunar (t.d. kveldsope skitrekk i Sogndal og Luster.
  • kveldsope skitrekk på Kleppa.
  • dersom ein ynskjer å nytte seg av Lustrabadet, kan ungdom få dekka maxitaxi den eine vegen. Her må ein vere minimum 10 personar for å få dekka transporten den eine vegen. Ungdomane syter sjølv for transport den eine vegen, og all bruk av maxitaxi skal skje til og frå Esso.
  • NYTT: ungdomsrådet har sett av ein del transportmidlar som lokale organisasjonar kan søke om. Organisasjonane må søke før transporten finn stad, og dei same krava om eigenandel og aldersgruppa er gjeldande. Det vil bli gitt midlar til aktivitetar og turar som organisasjonane legg opp til for ungdom.
    Maks kr. 5000 pr.organisasjon.
     

Kva tilbodet ikkje dekkar?

  • shoppingtur til Sogndal/andre kommunar.
  • private festar.
  • arrangement som inkluderer alkohol/andre rusmidlar.

Tinging av transport: 

  • ring Taxi, tlf. 57 65 31 23 – opplys om at du vil nytta tilbodet.
  • ting transport så tidleg som mogeleg.
  • tingingar for transport om kvelden skal skje innan kl. 18.00 den dagen transporten skal skje
  • taxiane har løyve til å føre opp kva transporten gjeld for

Det er Sogn og Fjordane Fylkeskommune som finansierer ordninga.
Les meir på Sogn og Fjordane fylkeskommune si nettside om ulike transporttilbod til ungdom.