Leikanger kommune ligg mellom fjord og fjell i hjartet av Sognefjorden. Kommunen grensar mot Balestrand i vest og Sogndal i aust. Leikanger har cirka 2200 innbyggjarar.

Hovudnæringane er statlege- og fylkeskommunale kontorverksemder og landbruk med vekt på frukt- og bærproduksjon.
Dei største private verksemdene er Ingvald Husabø Prenteverk og Sogn Avis.
Leikanger Næringshage er ei klynge av store og små verksemder innan ingeniørfag, bank, økonomi, forlag og kunst.

Leikanger har den høgste gjennomsnittstemperaturen i landet gjennom året.
Årsnedbøren ligg på nær 1000 mm.

Overnatting


Leikanger har to hotell: Leikanger Fjord Hotel og Sognefjord Hotel. I tillegg Systrond Motell, Hyttesenter og Camping.
 

Jordbruk i 4500 år


Frå gamalt av har området vore kalla ”Systrond”. Namnet, som framleis er i bruk, har vorte tolka som ”strondi der det syder av varme”. Systrond har vore jordbruksland i meir enn 4500 år. Fleire storgardar vaks fram og vart sete for kongar og høvdingar. Bautasteinar, gravrøyser og mange fornminne frå utgravingar vitnar om busetnad i mange tusen år.
Du kan sjå mange gamle bilete og finne meir informasjon om eldre tider i Leikanger hjå Fylkesarkivet.
 

Fruktbygda


Leikanger er den 4. støste fruktkommunen i landet. Om lag 80.000 tre med eple, pærer og plommer er i produksjon. Dei seinare åra har det vore ei auka satsing på dyrking av bringebær i tunellar og eksport av moreller.
Sognafrukt er det største mottaksanlegget for frukt og bær i landet.

Langs gangvegane finn du informasjonstavler mellom anna om fruktsortane i Leikanger.
 

Sentrum


Kommunesenteret er Hermansverk. Der finn du bank, forretningar, Fjordkroa og Saften – eit felles næringsbygg med forretningar og Leikangerhallen.
 

Fritidstilbod


Når du besøker Leikanger, kan du nytte turstiane som startar på ulike plassar i bygda. Nokre av stiane endar opp på utsynspunkt der ein får ei fantastisk utsikt over bygda og Sognefjorden.
Kleppa er eit nærmiljøanlegg med to lysløyper, alpinbakke og leirdueanlegg. Frå Kleppa kan du også ta turen, enten til fots eller på ski, til Kjeringafjellet.
Ved Leikanger barneskule ligg idrettsanlegget med fotaballbaner og friidrettsanlegg.
Nede ved sjøen, ved Leikanger ungdomsskule, ligg sandvollyballbane og ballbinge.
Leikanger skyttarlag sitt baneanlegg ligg om lag 1,5 km ovanfor Hermansverk.
 

Severdigheiter

Henjatunet
Ovanfor Hermansverk ligg Henjatunet, eit særmerkt klyngetun med 6 gardsbruk. Dette er eitt av tre slike tun på Vestlandet. Det eine bruket driv gardsturisme med eigen restaurant, der menyen er lagt opp som ei overrasking.
 

Leikanger kyrkje og prestegardshagen
Leikanger kyrkje er frå om lag år 1250. Ved sida ligg Prestegardshagen som er open for publikum. Her finn ein 10 tresortar som er svært sjeldne på desse kantar, som tempeltre og mammuttre som eigentleg er heimehøyrande i California. Her veks også fersken, aprikos og valnøttre.
 

Baldershagen
I Baldershagen på Husabø står ein av dei høgste bautasteinane i landet. Den ruvar 8 meter opp og er knytt til soga om Fridtjof den Frøkne.

Husabøfunna, som ligg på gravplassen ved Balderssteinen, viser to gravhaugar av i alt 6 som vart utgravne i 1995. Funna syner at området vart nytta som gravplass fram til midten av første årtusen e.Kr. Alderen på gravene er frå før-romersk jernalder. Gravene har tilknyting til Husabøgardane, kongssete på Halvdan Svarte si tid.

Kvinnefossen ligg rett ved sida av vegen vestover til Hella ferjekai. Fossen har eit fritt fall på 120 meter. Under snøsmeltinga eller dagar med mykje regn, står spruten frå fossen over bilvegen.

Du kan lese meir om Leikanger på NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon.