Ungdomsbasen er eit tilbod for ungdom frå 7. trinn og eldre. Det er ulike arrangement og aktivitetar i hovudsak på torsdagar (frå 7. klasse og opp) og fredagar (frå 9. klasse og opp), med hovudbase i Sorenskrivargarden.
Ungdomsbasen er rusfri og er eit ledd i kommunen sitt førebyggande arbeid blant ungdom.
Ungdomsbasen tek ikkje medlemskontingent, men det er eigenbetaling på nokre av arrangementa, og eventuelt sal av mat og drikke.